Om
Anndi Bergset vart fødd og vaks opp i Ohio i USA, der familien heilhjarta støtta hennar glød for museum og næra hennar appetitt for kreativitet ved å alltid halde teikestiftboksen full og ha blanke ark tilgjengeleg. I 2003 vart ho uteksaminert frå Gustavus Adolphus College i St. Peter, Minnesota med Bachelor of Art Historie. I 2006 følgde ho opp dette med Master of Fine Arts i teaterdesign frå Tulane universitet i New Orleans, Louisiana. Ho hadde praksis i omlandet til Washington DC der ho jobba i eit produksjonsstudio og fekk seinare full jobb i eit fusion glasstudio og ved mange teater som kulisse- og rekvisittdesigner.
I 2013 følgde ho hjartet til Norge der ho no bur saman med mann og hund i eit lite raudt hus på ei fjellhylle. Då Anndi flytta over havet hadde ho med seg fleire boksar med kunstutstyr og verktøy enn klede. No skapar ho frå sitt studio som er fyllt av vindauge med utsikt over fjorden. Om sommaren guidar ho turistar rundt i den norske vestlandsnaturen med brear, fjordar og fjell. I heimen likar ho å jobbe i hagen og dyrke sine eigne grønsaker, og eksperimenterer med kva som går å dyrke 350 meter over havet.
Ved å bruke kunnskap frå formell utdanning og jobberfaring kombinerar ho teknikkar på tvers av ulike kreative felt. Dette opnar dører til endå fleire kreative løysingar.